tirsdag 28. oktober 2008

Det er veldig rart aa vera tilbake i Palestina. Naar ein er i Norge er det saa utrulig fjernt, men med ein gong eg kom tilbake foeltes det som om eg aldri hadde reist. Nokon ting er forandra, eg fant ikkje bussen til Jerusalem i Ramallah og det er kommet eit stort nytt kjoepesenter ved Jaffa gate (me i Norge kunne laert noko fraa israelerane akkuratt der, det er faktisk eit pent kjoepesenter som er bygd saann at det ikkje viser foer ein er inne i det). Er akkurat tilbake i Beit Sahour etter eit hyggelig kafebesok med Issa (ein palestinsk kamerat) der.

Paa soendag blei eg intervjua av ein reporter fraa den arabiske tv-stasjonen Al-Arabiyye, og det har visst blitt vist paa tv - dubba til arabisk. :) Lurer veldig paa korleis det blei, det aa bli plassert foran eit tv-kamera med resten av gruppa i ein halvsirkel rundt, og saa skulle ha ein normal samtale (med ganske tydelige instrukser for kva ein kan sei og ikkje sei), er ikkje saa lett.

Var oppe foer fire i dag for aa observere paa Betlehem checkpoint saman med ledsagarar (http://eappi.org/). Planen var aa gaa gjennom sjekkpunktet saman med dei tusenvis som ventar paa aa sleppe gjennom til Israel og paa jobb om morgonen, men nokon av oss var ikkje flinke nok til aa presse og blei derfor staande igjen paa palestinsk side. Me venta nokon timar, i haap om at det skulle roe seg, men til slutt maatte me gi opp og ta bussen rundt (via Beit Jala). Der blei me "berre" holdt i 20 minutt, mens soldatane gjekk seg ein tur med ID-korta til dei som var fraa Jerusalem. Dei som faktisk kom gjennom sjekkpunktet i Betlehem brukte ein og ein halv time berre fraa der koeen begynnte og til doera i muren inn til terminalen/sjekkpunktet. Det var heilt vanvittig der, og dette maa palestinerane gjennom kvar dag! (i alle fall dei som er saa heldige at dei har tillatelse til aa reise inn til Jerusalem.

Etter lunch var me paa tur i Jerusalemsomraadet med Angela fraa ICAHD (http://icahd.org/eng/). Ho var ei veldig engasjert dame, som knapt stoppa for aa puste naar ho satte igang aa fortelle. Me tok ein runde i Ma'ale Adumim, eit stort settlement som i praksis deler Vestbredden i to paa midten. Der har dei pynta rundkjoeringane sine med 1000 aar gamle oliventre dei har stjaalet fra palestinerar. Me fekk og tatt oss ein rask tur opp til hotellet til "tante" Signe og "onkel" Ali, fraa Jerusalemssida denne gongen. Turen fraa den eine til den andre sida av hotellet, som foer sikkert tok et minutt, tar naa minst ein time!

1 kommentar:

Anonym sa...

Dette er så spanande at bloggsjekking er noko me gjer fire gonger kvart døgn! Men Atle har vore på speidarmøte også (40 speidarar) og eg har drukke kaffi hos mormor. Kjekt at du traff Issa. Me er visst ein stor foreldreklubb som les og kommenterer. Take care!